Min drømmeartikkel: Hardingfela

Gobben00 har kjøpt Min drømmeartikkel i butikken og vil lese om hardingfela. Her er artikkelen.

Dei som sannsynlegvis var dei første til å laga hardingfele, var felemakaren Isak Nilsen Botnen frå Hardanger og sonen hans, Trond Flatabø. Men dei mest kjente hardingfelemakarane finn me i Telemark, brørne Eirik Johnsen Helland og Eiliv Johnsen Steintjønndalen.

Hardingfela har fire strenger øvst (overstrenger) og 4-5 strenger under (resonansstrenger). Når ein spelar på fela, er tonane litt høgare enn på ein vanleg fiolin.

Me kan raskt sjå at det er ei hardingfele på måten den er dekorert eller pynta. Den har mønster langs midten av fela og helt ytterst er det som oftest eit dragehovud.

Myllarguten, Tarjei Augunsson frå Telemark er ein av våre mest kjente spelemenn. Han levde frå 1801 til 1872. Han tjuvlånte faren si hardingfele frå han var heilt liten. Frå han var 8-9 år gammal hadde han speleoppdrag ute, men då var han fortsatt så liten at faren måtte bere han rundt, og når han spelte satt han på ein krakk oppå eit bord for at folk skulle kunne sjå han. Han blei kalla Myllarguten fordi han var son til ein møllar (ein som jobba på mølla og malte korn om til mjøl).

 

By Musik- och teatermuseet (Own work) [CC BY-SA 3.0 (https://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0)], via Wikimedia Commons

 

Myllarguten som vaksen:

Liker? - Du må logge inn for å kunne like denne siden! ⇣ Skriv ut

Hei!
Du må logge deg inn for å kommentere!
Du kan også registrere deg dersom du er ny!

  • EllenRebecca skrev en kommentar 14. mars
    oi
  • Linea8 skrev en kommentar 14. mars
    ja kult !!!!!!!!!!!
  • Malli skrev en kommentar 14. mars
    Kult!