Bli med til Etiopia!

Barnas Misjonsprosjekt har fått eit nytt land å samla inn pengar til.

Dette vil vi støtte!

Barnas Misjonsprosjekt (BM)
Pengane de samlar inn dette skuleåret går til prosjekt i Etiopia. Om vi klarer å fylle opp alle prosjekta, så går resten av pengane til anna misjonsarbeid i Etiopia.
RMM-Prosjektet
I Etiopia er det mange kvinner og små babyer som døyr i tida rundt fødselen. Det er mange som må føda heime og legehjelp er langt unna. Gjennom RMM-prosjektet (Reducing Mother Mortality), blir helsearbeidarar trent til å gi medisinsk hjelp til fødande, og til å ta vare på dei nyfødde babyane.

Bibeloversetting
I Sør-Omo, sørvest i Etiopia er det mange ulike folkegrupper. Fleire av desse har ikkje Bibelen på sitt eige språk. Tsemayfolket i Woitodalen er eit av desse. Dei snakkar tsàmakko og har aldri lest Bibelen på sitt språk. No jobbar misjonærar og nasjonale med å oversetta Det nye testamente til tsàmakko!

Søndagsskulearbeid
Mekane Yesus kyrkja, som er den lutherske kyrkja i Etiopia har mange millionar medlemmer. Men mange stader har dei ikkje fått i gang søndagsskulearbeid. BM vil derfor støtta søndagsskulearbeid, og anna arbeid inn mot barn og unge i Mekane Yesus kyrkja.

Helseopplysning på MP3
Norea Mediemisjon vil driva helseopplysning spesielt for mødre fra Ari- og Banna-folket. Det er planlagt ein høyrespelserie på tolv program. Serien blir lagt over på MP3-spelarar og blir delt ut til kvinnene i dette området. Prosjektet heter «Healing Voice» og er tilknytta «Prosjekt Hanna».

Fint om også du har lyst til å være med!

Når du gir pengar, bruk bankgiro: 8220 02 90131
Merk innbetalinga «Barnas Misjonsprosjekt 11042» (Dette nummeret er særskilt viktig når de bruker nettbank.)

Liker? - Du må logge inn for å kunne like denne siden! ⇣ Skriv ut

Hei!
Du må logge deg inn for å kommentere!
Du kan også registrere deg dersom du er ny!