Barnas Misjonsprosjekt 2016/2017 – Kina

Skoleåret 2016/2017 fokuserer Barnas Misjonsprosjekt på Kina. Vi støtter blant annet to prosjekt for barn. Det første er retta mot «Left behind children» (fråreiste barn) og det andre mot barn med funksjonshemming.

Av Marianne Thormodsæter

Left behind
I Kina bur det 60 millionar «left behind children». «Left behind» betyr her at anten mamma eller pappa, eller begge to, har reist frå barna sine. I Kina flyttar mange foreldre frå barna sine for å få seg betre jobbar slik at dei kan tene meir pengar.
Foreldra forstår ofte ikkje at det er viktigare for barna å bu trygt og godt saman med dei enn å ha nok pengar. Dette betyr at når foreldra reiser i frå barna sine, då saknar jo sjølvsagt barna foreldra sine.
Nokre barn bur saman med ein av foreldra. Andre bur hos besteforeldre, andre slektningar eller naboar. Nokre foreldre kjem heim ein gong i månaden, medan mange berre kjem heim ein gong i året. Det gjer sjølvsagt at barna saknar foreldra sine.
Prosjektet som me samlar inn pengar til driv med både opplæring av lærarar og omsorgspersonar og opplæring av barn. Målet er å betre situasjonen som barna er i. Prosjektet skal hjelpe dei vaksne til å sjå barna og vise dei omsorg og kjærleik. Og det skal lære barna at dei er viktige og at dei har rettigheiter. Håpet er at borna skal vekse opp og kjenne at dei er elska og at dei er verdifulle.

Barn med funksjonshemming
Barn med funksjonshemming er ei av dei minst nådde folkegruppene i verda. Det vil seie at få av desse har høyrt om Jesus. I Kina blir mange funksjonshemma sett ned på. Ofte blir dei oversett i samfunnet og mange blir forlatne av foreldra sine. Svært mange får heller ikkje gå på skule.
Arbeidet som me er med og samlar inn pengar til ynskjer å hjelpe desse borna, uavhengig av kva funksjonshemming dei har. I kyrkja har dei ein laurdagsskule som barna får gå på. Her får dei høyre at dei er verdifulle i Guds auge og dei får lære om Jesus. På laurdagsskulen har dei også vanlege skulefag, som engelsk, lesing, skriving og rekning. No ynskjer dei å starte eit senter som har ope kvar dag og ikkje berre ha laurdagsskule. Me ynskjer å vere med å støtte arbeide for å få på plass eit dagsenter.

Når du gir penger, bruk bankgiro: 8220 02 90131
Merk innbetalingen: Barnas Misjonsprosjekt 11255.
NB! Prosjektnummer er spesielt viktig når du bruker nettbank.

Liker? - Du må logge inn for å kunne like denne siden! ⇣ Skriv ut

Hei!
Du må logge deg inn for å kommentere!
Du kan også registrere deg dersom du er ny!

  • lolipop29 skrev en kommentar 30. mars 2018
    ok??????????????????????????
  • solbakken skrev en kommentar 26. mars 2018
    opps, jeg mente kjedelig!
  • solbakken skrev en kommentar 26. mars 2018
    kedelig!