Du har sikkert fått med deg at det er VM i fotball for tida. Kanskje du spelar fotball sjølv også?
Første gong det blei arrangert VM i fotball var i 1930, så i år er det altså 19.gong det blir kjempa om å vera best i fotball i verda. Det er eit lag som har vore med i alle meisterskapa, og det er Brasil. Det er også dei som har vunne flest gonger.
Fotball handlar jo om å flest mål. Den personen som har scora flest mål i eit VM, heter Just Fontaine. Han er frå Frankrike og i 1958 scora han heile 13 mål!!
Det er 32 lag med i VM i år. Den 11.juli er det berre to igjen, og det laget som vinn då er det beste i verda. Kven trur du det blir?
Skrevet av Brit Kari Urdal, 22.06.2010 14:53
sjur:
kult at dere har lagt ut dette
Skrevet av sjur, 23.06.2010 21:53 (3 måneder siden)
Ingeborg2002:
kult eg hater fotball
Skrevet av Ingeborg2002, 02.07.2010 16:24 (2 måneder siden)
Bere:
tøft dette
Skrevet av Bere, 06.07.2010 18:12 (2 måneder siden)